Hopp til innhold

Du kan bli overraska på bilturen av SNØ

I kveld bør du vere ekstra merksam viss du skal over ein fjellovergang for det kan lure snø rundt neste sving.

Utsikrt frå Utvikfjellet

VAKNA TIL NYSNØ: På veg opp Utvikfjellet i føremiddag såg ein nysnøen i fjella. I natt kjem snøen lenger ned.

Foto: Camilla Sørensen

Meteorologisk institutt varslar om at det lokalt kan bli vanskelege køyreforhold i fjellet i kveld og måndag på grunn av snø.

– Det kjem snø i høgda. Ikkje mykje, men nok til at det kan legge seg eit lag i vegbana, og det er risikabelt nok viss ein ikkje er oppmerksam og kanskje har dårlege dekk, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Gunnar Livik.

Obs-varselet gjeld også for Hordaland, Rogaland og Trøndelag, så også i desse områda kan det legge seg snø i vegbana enkelte stadar.

Bilistar kan bli overraska

Snøgrensa er sett til mellom 800–1000 meter. I januar eller i andre vintermånadar ville ikkje dette medført eit obs-varsel. Men det er jo eigentleg sommar!

– Viss det hadde vore vinter ville vi ikkje sendt ut obs-varselet. Men i og med at vi er i juni er ikkje alle bilane skodde for eit slikt vêr, og ikkje minst er ikkje folk innstilte på å møte slikt vêr, seier Livik til NRK.

Sjekk trafikken her!

I vêrvarselet for søndag så skal det bygge seg opp eit belte med bygeaktivitet som går frå Nordfjord mot Førde i ettermiddag og kveld.

– Dette beltet vil trekke austover mot fjellet og der legg det att snø mellom 800–1000 meter.

Meteorologen varslar at det blir enkelte byer etter beltet passerer Førde og Nordfjord søndag ettermiddag. Men utover ettermiddagen måndag vil dei minke. I morgon, måndag, blir det frisk bris frå nordvest.

Få oppdatert vêrvarsel her.

Frisk måndag og fin tysdag

Natt til tysdag kan det bli friskt.

– Måndag kveld klanar himmelen opp og det kan bli kaldt, nesten minusgrader, ein plass i alle fall mellom 0–2 grader. Men temperaturen stig raskt på tysdag morgon, seier Livik.

Heldigvis har meteorologen ei gladmelding til deg–tysdag blir vêret bra–i alle fall i nokre timar.

– Tysdag blir det bra. Då er det varsla pent vêr og litt meir tilskyande på kvelden. Temperaturen kan tysdag komme opp i heile 16 grader enkelte stadar. Men så skyar det til på kvelden.

– Og onsdag?

– Då blir det regn, og resten av veka, seier Livik.