Varslar store nedbørsmengder

Meteorologisk institutt har sendt ut eit nytt farevarsel. Det kan komme 30-40 millimeter nedbør i løpet av tre timar.

Regn på ruta

KAN BLI VÅTT: Indre strok av Sogn og Fjordane kan gå ein våt kveld i møte.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det kan komme lokalt kraftige regnbyer med tore i Sogn og Fjordane. Det er hovudsakleg i indre strøk vi ventar slikt vêr i kveld, opplyser statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen.

Marianne Skolem Andersen

NYTT FAREVARSEL: Statsmetorolog Marianne Skolem Andersen.

Foto: Marit Hommedal

Det er meldt om gult farenivå for heile fylket, men ifølge meteorologen vil området ut mot kysten sleppe unna nedbørsmengdene.

– Dei får i alle fall langt mindre nedbør.

Men i indre strok, som indre Sogn kan det bli svært vått.

– Det vi har sagt er at det kan komme 30-40 mm på tre timar. Dersom det er fleire byer som treff omtrent same stad kan det komme opp i dei verdiane. Ei enkelt bye vil ha litt mindre enn det, seier Andersen.

Laster Twitter-innhold

Mindre intenst enn Jølster

Meteorologen understrekar at det truleg ikkje er snakk om tilsvarande uvêr som det Jølster og deler av Gloppen opplevde sist veke.

– Det er ein anna vêrsituasjon no. Då hadde vi veldig varm luft i forkant og potensial for å få veldig kraftige byer. Vi reknar ikkje med at det skal bli like kraftig som det vi hadde då, seier Andersen.

– Veit de kvar regnet vil treffe?

– Når det gjeld byer så kan vi jo ikkje seie akkurat heilt spesifikt kor dei råkar, men det er i dei indre delane av Sogn vi ventar mykje nedbør i dag. Det er vanskeleg å garantere noko, for byenedbør er uføreseieleg av natur.

Ho meiner likevel at nedbøren denne gongen vert mindre intens enn det som trefte Jølster i førre veke.

Det ser ut som at det blir mindre mengder over kort tid. Vi kan ikkje garantere noko. Situasjonen er i alle fall eit hakk under vêret vi opplevde i førre veke, seier Andersen.

... men pass på!

Nedbøren kan likevel skape problem lokalt.

– Det vi skriv i varselet er jo at det kan vere fare for vatn i tettbygde område og lokal flaum, endringar i bekk og elveløp, jord og flaumskred der regnbyene treff. Ein bør ta forholdsreglar dersom ein er i nærleiken av ein bekk som plutseleg kan fløyme opp, åtvarar meteorologen.

Ho legg til at folk i indre Sogn også må rekne med lyn og torevêr når det står på som verst.

– Lynet slår ikkje ned på same staden to gonger

Med uvêret førre tysdag friskt i minne kryssar ordføraren i Jølster fingrane for at kommunen hans skal gå klar denne gongen

– Det er ikkje noko kjekt å få eit slikt varsel igjen. Det er klart at mange vil kjenne seg utrygge etter førre tysdag, seier Oddmund Klakegg.

Oddmund Klakegg

UROLEG: Oddmund Klakegg (Sp) er ordførar i Jølster.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dersom varselet frå meteorologane hadde vore på oransje eller raudt nivå måtte kommunen ha sett inn tiltak. Denne gong er varselet på gult nivå som er det lågaste.

– Varselet er svært usikkert, men det var det også førre tysdag. Då var det veldig usikkert om vi fekk noko i det heile tatt. Farenivået var gult då også. Men då trefte uvêret akkurat her, seier Klakegg.

Klakegg seier at så lenge dette er eit gult farenivå så handlar jo det om å halde beredskapen oppe.

– «Lynet slår ikkje ned på same staden to gonger.» Vi får håpe det stemmer i denne samanhengen, seier Klakegg.