Hopp til innhold

Varslar snø heilt ned i låglandet i natt

I natt gjer vinteren igjen ein lynvisitt innom fylket. Meteorologane har sendt ut såkalla OBS-varsel om snø heilt ned i låglandet på Vestlandet.

Snøfall 24. april

VARSLAR NYTT SNØFALL: Slik såg det ut i Lærdal tidlegare denne veka.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det gjeld vel mest i natt. Det har allereie byrja å kome litt nedbør i ytre strøk og nord i fylket. Det er kjølig no, nedbøren kjem nok som regn på kysten, men litt lenger inn i fylket og i høgda så kjem det snø, seier meteorolog Arnsten Tjøstheim.

Det meste av snøen kjem i løpet av natta og indre deler av Sogn kjem snøen heilt ned til fjorden.

Laster Twitter-innhold
Arnstein Tjøstheim

SNØ I NATT: – Men snøen blir ikkje liggande lenge, seier meteorolog Arnstein Tjøstheim.

Foto: Astrid Rommetveit

– Det blir ikkje dei heilt store mengdene med snø. Er snøen forholdsvis turr snakkar vi om mellom fem og 10 centimeter, og den kjem til å forsvinne ganske raskt ut over føremiddagen. Men på morgonen kan det nok vere vanskelege køyretilhøve enkelte stadar, seier Tjøstheim.

Han lovar at ut over torsdagen blir det riktig så flott vêr etter kvart.

– Ut over morgonen så går det over til byer og seinare opphaldsvêr. Ut på dagen får vi også ein del sol, seier Tjøstheim.

Laster Twitter-innhold

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal ber Roger Nedberge Hille folk som ut å køyre i løpet av natta og morgontimane om å la bilen stå dersom dei ikkje har vinterdekk.

– Men erfaringsmessig så blir ikkje denne snøen liggande lenge, ut på ettermiddagen torsdag reknar eg med at det skal vere gode køyreforhold, seier Nedberge Hille.