Hopp til innhold

Vil la 14-åringar spele fotball mot vaksne

Eit forslag mot å la 14-åringar spele fotball på seniornivå vart stemt ned med minste moglege margin på fotballtinget i 2014. No kjem forslaget opp igjen.

Jotun aldersbestemt fotball

BARNEFOTBALL: Grensene for kva tid ungar kan få spele seniorfotball kan bli endra. Biletet er eit illustrasjonsfoto.

Foto: Kai Wigum

– 14-åringane er gode nok til å få lov til å vere med. Om ikkje dei spelar heile og alle kampane, så bør dei iallfall få moglegheita til å vere med og delta i miljøet rundt A-laget, seier Margareth Leivdal.

Ho er leiar i Stadlandet IL, og stiller seg heilhjarta bak eit nytt forslag om at 14 år gamle fotballspelarar må kunne delta i seniorfotballen.

– For oss er det veldig viktig at alle får eit tilbod om å halde på med fotball, og det prøver vi å få til så langt det er mogleg. Men når ungdommane kjem i 13- og 14-årsalderen, så er det vanskeleg fordi årskulla er så små – og ein er avhengig av at alle er med, seier Leivdal.

– Då hadde det vore greitt om dei som er mest ivrige og vil halde fram med fotball, kunne ha fått tilbod om å spele og trene med seniorane våre, seier ho.

Vart stemt ned – men håpar på gjennomslag

Diskusjonen om å la 14-åringane sleppe til i seniorfotball kom på fotballtinget sitt bord for første gong etter eit forslag frå Jølster i 2010. Den gongen vart dette gjennomført som ei prøveordning i to år, før saka vart stemt ned av tinget i 2012.

I vår kom saka igjen opp på tinget. Kravet for å kunne innføre endringa er at minst to tredjedelar av delegatane stemmer for. Denne gongen var forslaget éi stemme ifrå fleirtal.

– Vi har støtta denne saka heilt sidan starten, og vi kjem til å støtte igjen på tinget no, seier leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Meiner alle må få dei samme sjansane

Endestad meiner stemninga i fotball-Norge kan ha snudd litt i 2014, då ein berre mangla ei stemme på å få innført ordninga. To år tidlegare var det langt større usemje.

Han viser til at Sverige har hatt fri aldersgrense i seniorfotballen gjennom mange år.

– Der har dette styrt seg sjølv, og det har eg tru på her også, seier Endestad.

Han meiner det vil vere fleire positive effektar av å la 14-åringane sleppe til. Også i dag kan 14-åringane spele seniorfotball, men då må dei få dispensasjon frå krinsane.

– Eg meiner det må vere likt for alle. Det kan ikkje vere slik at éin person, ein spelarutviklar i kvar krins, skal bestemme kven som skal få lov til å spele. Det må vere opp til spelaren sjølv, foreldre og trenar å bestemme om vedkommande er klar eller ikkje, seier Endestad.

– Dessutan treng vi desse spelarane ute i distriktet. I klubbar som til dømes Stadlandet, Askvoll og Atløy er dei viktige for at dei skal kunne stille 11-lag i seniorfotballen.

Robert Endestad

STILLER SEG BAK: Robert Endestad i Sogn og Fjordane fotballkrets meiner 14-åringar kan vere eit bra tilskot til seniorfotballen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Er imot forslaget, men ser nyansane

Men ikkje alle er samde i at 14-åringane bør få bryne seg på dei vaksne. Forslaget vil igjen møte motbør på fotballtinget til våren. I Trøndelag fotballkrets er dei også varsame med å gi ungdommane dispensasjonar.

– Hovudproblemet er at det rett og slett blir for tøft fysisk. Vi veit at 14-åringar som spelar seniorfotball blir meir skadde enn dei som ikkje gjer det. I tillegg er vi i tvil om det er god spelarutvikling å la dei spele seniorfotball, seier leiar Eivind Selven.

– Korleis kan de vite at 14-åringar blir oftare skadde?

– Det finst det forsking på. Denne forskinga er gjort på 15-åringar, men då er det grunn til å tru at det samme gjeld 14-åringar, seier Selven.

– Men eg forstår veldig godt klubbane som treng 14-åringane for å stille lag i grisgrendte strok. For dette er ei komplisert sak. Ho har så mange ulike faktorar i seg, seier han.

Meiner Martin Ødegaard er eit argument i seg sjølv

I vesle Stadlandet er einskilde årskull så små at klubben har problem med å stille sjuarlag i aldersbestemte divisjonar. Leiar Leivdal meiner det er på tide at 14-åringane også kan bidra på seniornivå.

– Det betyr ikkje noko om du er fødd i det eine eller det andre året. Det er heilt andre kvalitetar som avgjer om du kan spele på seniornivå eller ikkje, seier ho.

– Er det ikkje ein fare for at grensa kan bli flytta ned til 13-åringar ved neste høve?

– Nei. Men eg tenkjer at dette er ganske naturleg i høve kva tid ein går frå å vere barn til å vere ungdom og toler å spele blant vaksne. Tenk på Martin Ødegaard. Alle kjenner vel historia til den guten. Tida er moden til å gå vidare med aldersgrensene – og det gjeld begge kjønn, seier Leivdal.

– Kva med skader – er ikkje det ein fare for unge spelarar?

– Det kjem an på fysikk og utvikling til kvar einskild ungdom. Og det er jo ein trenar inne i biletet, ein ansvarleg klubb og føresette. Så det bør ikkje vere eit problem i det heile teke. Eg tenkjer at ein ikkje må sjå problem, men sjå moglegheitene til utvikling.