Hopp til innhold

Varslar offensivt Sogndal framfor kampstart

SOGNDAL (NRK): Eirik Bakke har plukka ut sin første ellevar til seriestarten mot Bærum på Fosshaugane.

Eirik Bakke, Mariuis Bøe og Helge Haugen før kampstart
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Eirik Bakke og spelarane kom til Fosshaugane Campus klokka 16:30, og er klare for den første kampen i årets 1. divisjon.

Her er spelarane Bakke har plukka ut i startellevaren, som truleg går ut i ein 4-2-3-1-formasjon:

Christian Sukke - Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christope Psyché, Victor Grodås - Babacar Sarr, Rune Bolseth - Petter Strand, Robin Shroot, Ulrik Flo - Kristian Fardal Opseth.

– Det er aldri lett å ta ut dei spelarane som får lov til å starte. Men dette er iallfall elleve spelarar eg meiner kan slå Bærum, seier hovudtrenar Eirik Bakke.

Han varslar eit offensivt og spelande Sogndal framfor debuten og seriepremieren mot Bærum på Fosshaugane.

SJÅ INTERVJU MED EIRIK BAKKE FØR KAMPSTART:

Eirik Bakke varslar eit offensivt Sogndal før kampen mot Bærum.

Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Hannu Patronen har dei siste sesongane vore ein av dei viktigaste spelarane på Sogndal, men er ikkje i startoppstillinga. Finnen forklarer overfor NRK.no at han har ein liten skade i eine foten, og at han ikkje torer å ta nokre sjansar så tidleg i sesongen.

Laster innhold, vennligst vent..

Kristian Fardal Opseth har fått tillit frå start i Mahatma Otoo sitt skadefråver. Og nykommaren Christian Sukke startar mellom stengene for Mathias Dyngeland, som har vore ute med skade i fleire veker og ikkje er 100 prosent speleklar.

SJÅ INTERVJU MED RUNE BOLSETH FØR KAMPSTART:

Rune Bolseth om forventningane før kampen mot Bærum på heimebane.

Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Kampen mot Bærum på Fosshaugane har kampstart klokka 18:00.