Hopp til innhold

Varslar mogleg ekstremvêr

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om at det kan bli ekstremvêr måndag kveld og natt til tysdag. Varselet omfatter Austlandet, Vestlandet sør for Stad og Møre og Romsdal. Publikum blir bedne om å halde seg oppdatert på vêrsituasjonen via radio, TV og nett.