Hopp til innhold

Varslar meir tvangssal

Bremanger kommune kan få tvangsselt ytterlegare ein av sine verdipapirpostar kjøpt gjennom Terra Securities.

Det opplyser Tor Sydnes i Wassum Consulting.

Verdipapirposten som vart kjøpt for 170 millionar kroner kan verte tvangsselt om den fell under ein viss verdi.

Sydnes seier eit slikt tvangssal framleis er eit stykke unna, men situasjonen kan endre seg fort.