Hopp til innhold

Varslar kutt i Leikanger

Økonomien til Leikanger kommune er så dårleg at dei no må gjennom ein skikkeleg hestekur. Ein fortvila ordførar Jon Håkon Odd (Ap) seier til Sogn Avis at alle tenester som ikkje er lovpålagde vil merke innsparingane. Mellom anna vil ressursane i skulane og omsorgstilbodet i kommunen måtte reduserast.