Varslar kraftig vind på kysten og i fjellet

Kraftig vind og snøfokk kan få følgje for trafikken langs kysten og på fjellovergangane i Sør-Noreg. Politiet ber folk sikre lause gjenstandar.

Måløybrua stengd

STENGD: Kraftig vind har stengt Måløybrua i morgontimane.

Foto: Kristin Maurstad

Dei sterkaste vindkasta er venta på kysten i Nordfjord, Sunnmøre og i Romsdal. Det er venta sørvestleg full storm i fjellet, og meteorologane varslar vindkast på 25–33 meter i sekundet.

I Måløy var det fare for at eit tak skulle blåse av eit bygg i Sjøgata. Det var eit stålbeslag på tre-fire meter som held på å losne.

Tak heldt på å blåse av i Måløy

STERK VIND: Brannvesenet prøver å sikre eit tak i Sjøgata i Måløys om held på å blåse av.

Foto: Politiet

Politiet oppfordrar til å sikre lause gjenstandar som det er fare for at vinden kan flytta på.

– Sjekk at det ikkje er lause gjenstandar på eigedommen din, seier politibetjent Jan Arild Nervik.

Orkan i periodar

Statsmeteorolog Tone Christin Thaule seier det blir mykje vind i dag fleire stader.

– Førebels har det vore sør-sørvest sterk storm ved Kråkenes som ligg rett sør for Stad, men vi ser for oss at det kan komme opp i orkan i periodar rundt Stad. Lenger sør på kysten er det snakk om sterk kuling og liten storm, sa ho torsdag morgon.

Det blir altså mykje vind, men ho seier det førebels ikkje er så mykje nedbør.

– Det kan komme nedbør utover ettermiddagen, som snø over 500–800 meter. Etter kvart som vinden aukar på innover land, kan det bli lokalt ganske sterke vindkast, Vi har ute eit farevarsel på at det kan bli vindkast på 25–33 m/s på det sterkaste. Det er ganske mykje.

Ho seier det også er farevarsel for fjellet i Sør-Noreg når det gjeld snøfokk.

– Det er ikkje venta mykje nedbør, men det litt kan det bli. Med den sterke vinden kan det bli redusert sikt.

Også i morgon vil det blåse kraftig. Meteorologisk har sendt ut varsel på gult nivå for vindkast frå vest opp mot 35 meter i sekundet for heile Vestlandet sør for Stad frå fredag ettermiddag. I midtre og indre strok er det venta svært kraftige vindkast.

Køyrer over stengd bru

Uvêret kan få følgje for reisande. Det kan bli kolonnekøyring på kort varsel både på rv. 15 Strynefjellet og rv. 52 over Hemsedalsfjellet. I Måløy stengde kraftig vind Måløybrua i fleire timar.

Rugsund-brua i Bremanger er stengd og det er meldt om vindkast opp mot 37 m/s. Brua er stengd med skilt og raudlys.

– Det kjem meldingar om at ein del køyrer likevel. Vi ber folk respektere stenginga, melder politiet.

Også på sjøen får vêret konsekvensar. Hurtigbåten frå Bergen til Nordfjord stoppar i Florø, melder Norled. Og mellombels innstiller Fjord1 anløp Husevågøy på ferjesambandet Måløy – Oldeide, og anløp Krakhella på sambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella.

Fare for skred

Og høge temperaturar og opp mot 80 millimeter nedbør under 800 meter, er venta å gi stor snøsmelting og fare for jord-, sørpe- og flaumskred i ettermiddag. Meteorologane har sendt ut varsel på gult nivå for store delar av Vestland fylke, samt sørlege delar av Møre og Romsdal. Faren er venta å avta frå fredag morgon.