Hopp til innhold

Varslar kraftig regn på kort tid

Onsdag kan det komme så mykje regn at vêrvarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel.

regn

KRAFTIG REGN: Bu deg på eit vått døgn frå onsdag ettermiddag. Eit lite lågtrykk sørgjer for at regnet skal hølje ned.

Foto: Pixabay

– Utfordringa er at det lokalt kan komme mykje regn på kort tid. Erfaringsmessig har bakken problem med å absorbere alt vatnet på ein gong, seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Onsdag startar med sørleg opp i liten kuling. Det blir enkelte regnbyger, men med gløtt av sol tidleg på dag. Men frå onsdag ettermiddag blir det lokale og kraftige regnbyger med torden. Det er varsla over seks millimeter nedbør per time.

– Utover dagen kjem det inn eit lite lågtrykk frå sør. Det er ikkje mykje vind, men fuktig og varmt, seier ho.

Det kraftige regnvêret skal vare eit døgn. Det blir mest intenst frå onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag.

– Det ser ut til at dei kraftigaste bygene kjem på kvelden i morgon og utover torsdag morgon, seier Strand.

Men fram til det kraftige regnvêret ser det meir lovande ut. Tysdag er det skiftande bris og på kysten er det utrygt for tåke. Det kan komme enkelte ettermiddagsbyer, særleg i indre strok. Elles blir det stort sett pent ver.