Hopp til innhold

Varslar kamp mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden

Natur og ungdom varslar kamp mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjorden. Tysdag blei det kjent at Miljødirektoratet gir grønt lyst til at gruveselskapet Nussir kan dumpe gruveavfall i Repparfjorden i Finnmark.

Ålasundet og ytre deler av Førdefjorden

FRYKTAR FØRDEFJORDEN: Natur og Ungdom fryktar at utsleppsløyvet i Repparfjorden skal føre til det same i Førdefjorden.

Foto: Jens Kristian Bjørkedal / Privat

– Hovudsakleg vil vi oppfordre og kjempe mot at det skal dumpast gruveavfall i desse to fjordane, og vi ynskjer å hindre at gruveselskapa får utsleppsløyve, seier David Svardal Nordheim, som er leiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom.

Tysdag fekk altså Nussir ASA løyve frå Miljødirektoratet , og dermed og utsleppsløyve for kopargruve og sjødeponi i Repparfjorden i Kvalsund i Finnmark.

– Det sender eit signal om at det kan vere meir truleg med utsleppsløyve også i Førdefjorden, sidan problemstillingane i dei to fjordane er mykje dei same.

Ulovlege aksjonar

Måndag kravde Naturvernforbundet at Straumtilhøva i Førdefjorden må gjennom ei ny og grundig gransking . I ungdomsorganisasjonen er dei villige til å gå langt for å hindre dumping av gruveavfall i dei to fjordane.

David Svardal Nordheim

LOVAR AKSJONAR: David Svardal Nordheim er leiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom.

Foto: Privat

– 1800 aksjonistar står klare til å delta i ulovlege aksjonar både i Repparfjorden og Førdefjorden, seier Svardal Nordheim.

– Men kvifor ulovlege aksjonar?

– I utgangspunktet håpar vi å sleppe. Vi håpar jo at dei ikkje får utsleppsløyve. Men dersom det skjer, så blir det ulovlege aksjonar. Vi meiner det er eit større lovbrot om gruveselskapa får lov til å dumpe avfall i desse fjordane, enn å drive med sivil ulydnad.