Hopp til innhold

Varslar ikkje om påkøyrd hjort

Som sjåfør har du plikt til å varsle når du køyrer på hjort. Det seier viltforvaltar ved kommunalt landbrukskontor Årdal, Lærdal og Aurland, Fredrik Øi, til Sogn Avis. Ved to høve på kort tid er to hjortar påkøyrde i Aurland og Lærdal utan at bilistane har meldt ifrå. Leiar i ettersøksringen i Aurland, Terje Terum, tykkjer lite om den manglande varslinga, og peikar på at i mange tilfelle der det vert meldt ifrå om påkøyrsle, er det andre enn bilisten sjølv som melder frå om dette.