NRK Meny
Normal

Varslar hyppige kontrollar av hummarfiske

Hummaren er svært ettertrakta, men bestanden langs norskekysten er sterkt redusert. I Sogn varslar Statens naturoppsyn hyppige kontrollar utover hausten.

Kristoffer Ullern Hansen

MYKJE PÅ FJORDEN: Kristoffer Ullern Hansen i Statens naturoppsyn i Sogn seier dei har som mål å vere mykje på fjorden i samband med hummarfiske i haust.

Foto: Statens Naturoppsyn

– Det skal vere ein viss risiko for å bli oppdaga om ein driv med noko som er ulovleg, seier Kristoffer Ullern Hansen som er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn i Sogn.

Klokka 08.00 neste torsdag blir det opna for å fange hummar langs kysten. Hummaren er ei delikatesse, men med ein sterkt redusert bestand er både fisketida og måten det kan gjerast på streng regulert.

– Det har blitt stadig mindre av hummaren langs kysten, og difor må det vere såpass strengt, seier Ullern Hansen.

Dette må du passe på om du skal fiske hummar lovleg

  • At teinene er merkte med namn og adresse
  • Alle teinene skal ha fluktopningar på minst 60 mm, minst to opningar i kvar teine
  • Det er berre lov med ti teiner per person og per båt (det vil seie at sjølv om det er to personar i ein båt kan ein berre ha ti teiner)
  • Minstemålet på hummaren må vere 25 cm, målt frå spissen av pannehornet til bakre kant av midterste svømmelabb (halen)
  • Alle hummar med utvendig rogn er totalfreda

– Alt dette prøver vi å følgje opp med våre kontrollar, seier Ullern Hansen.

– Tettar fluktopningane

Tjuvfiske av hummar har vore eit alvorleg og stort problem langs kysten. For nokre år sidan, tilbake i 2012 vart det til dømes teke beslag i 403 reiskapar, medan 193 tilfelle vart melde til politiet.

I Sogn har Statens naturoppsyn fått ny båt, og Ullern Hansen lovar at dei skal vere synlege på fjorden.

– Dei fleste følgjer nok reglane, men det er alltid nokon som ikkje gjer det. Det kan vere at dei startar for tidleg, at dei er så ivrige at dei startar allereie i september. At dei tettar att fluktopningane eller at dei tek med seg hummar som har utvendig rogn, ramsar han opp som eksempel.

Vil vere mykje på sjøen

Statens naturoppsyn gjennomfører kontrollane saman med folk frå Fiskeridirektoratet. Kontrollane skjer som oftast ved at dei køyrer langs land og kontrollerer den reiskapen dei ser ligg ute.

– Hummaren er eit populært bytte, for hummar er godt. Vi er kjent med at det går føre seg ulovleg fiske, og det er grunnen til at vi ønskjer å ha ein viss kontroll. Men eg vil presisere at dei aller fleste er lovlydige, seier han.

For kyststrekninga frå svenskegrensa og til og med Sogn og Fjordane varar fisketida for hummar frå 1. oktober og fram til og med 30. november, medan fisketida for resten av landet er frå 1. oktober og ut året.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.