Hopp til innhold

OBS-varsel: Varslar full storm på Vestlandet

Vind og snøfokk kan gi vanskelege køyreforhold i fjellet. Vinden kan bli opp i full storm på kysten av Vestlandet.

Store bølger mot Kråkenes fyr

UVÊR I VENTE: På kysten av Vestlandet kan det blåse friskt måndag og tysdag. Det er sendt ut OBS-varsel for fleire fylke.

Foto: Thomas Bickhardt / Scanpix

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel fordi det er venta mykje vind og vanskelege køyreforhold i fjellet tysdag.

– Det blir ganske gufne forhold. Vinden aukar i kveld og i natt. Men det blir definitivt sterkast vind i morgon tysdag, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Mette Skjerdal.

OBS-varselet er sendt ut for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oppland og Hedmark. Vinden vil merkast i alle fylka.

Snøfokk i fjellet

– Vinden er av sørleg- og søraustleg retning. Det blir stort sett liten storm på kysten og fjellet. Det er dei sørlegaste delane som vert hardast råka.

Natt til onsdag vil vinden minke. Men med nedbøren som er venta saman med den kraftige vinden vil det gi vanskelege køyreforhold.

– Det blir snø og sludd, og snøfokk på fjellet. Så det blir dårlege forhold på fjellet. Kanskje også det blir regn på kysten, og så det blir ganske utriveleg.

Det blir mykje vind på Vestlandet

KRAFTIG VIND: Det blir sterk vind over heile Vestlandet det kommande døgnet.

Foto: Meteorologisk institutt