Hopp til innhold

Politiet varslar full gjennomgang etter trippeldrapet

Politimeister Ronny Iden varslar full gjennomgang i politiet etter at tre personar blei drepne av ein asylsøkjar.

Jørn Lasse Førde Refsnes og Ronny Iden

PRESSEKONFERANSE: Jørn Lasse Førde Refsnes og Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi er ikkje nøgde med ei responstid på ein time og 11 minutt, seier politimeisteren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– I lys av det som har skjedd, ønskjer vi full gjennomgang av denne hendinga. Vi forstår at folk stiller spørsmål ved ei responstid på ein time og 11 minutt. I ei så alvorleg sak, er det viktig at går gjennom saka og ser om det er noko vi kunne gjort annleis, seier Ronny Iden.

Det har kome kritikk etter at det tok lang tid før første politipatrulje kom fram til åstaden ved Holsbruvatnet på fylkesveg 53. Det var brannmannskap som pågreip den 30 år gamle asylsøkjaren frå Sør-Sudan. Ei kvinne og to menn blei drepne på bussen.

– Vi er opptekne av å vere raskt på staden ved alvorlege hendingar, difor er vi ikkje nøgde med responstida i går, seier politimeisteren.

Rykka ut utan våpen

Politiførstebetjent Stig Inge Hauge var også til stades ved pressekonferansen i dag. Han hadde ein gjennomgang av hendinga frå politiet blei varsla til den sikta mannen blei pågripen.

– Patruljen frå Lærdal var den første som rykkja ut. Dei hadde ikkje med seg våpen, seier han.

Operasjonssentralen fekk melding om det som skulle vere ei trafikkulukke klokka 17:35. Klokka 17:38 var patruljen i Lærdal varsla. Dei reiste altså av garde utan våpen.

– Lensmannen og ein politibetjent i Årdal som hadde fri, blei også kalla ut. Dei reiste til politikontoret for å hente klede, utstyr og våpen. Dei tok med seg pistol og maskinpistol, seier han.

Den 30 år gamle mannen forstod som trugande og farleg medan han var på bussen, men kom til slutt ut frivillig.

Då patruljen frå Årdal kom til åstaden, hadde gjerningsmannen nettopp blitt lagt i bakken av brannmannskap. Like etter sette politiet handjern på mannen. Kort tid etter var også patruljen frå Lærdal på plass.

Skal vurdere mental tilstand

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes seier fleire spørsmål står ubesvart. Dei veit enno ikkje når den sikta mannen kan avhøyrast.

– Gjerningsmannen hadde kuttskadar i halsregionen. Kniven er funnen og beslaglagt, seier politiet.

– Han skal til førebels observasjon med sikte på å kartleggje den mentale helsa han. Han er difor flytta frå Haukeland til Sandviken sjukehus. Det blir no kartlagt om mannen er tilrekneleg, seier Refsnes.

Søkjer etter vitne

Refsnes seier politiet er på jakt etter eit vitne i saka. Ein bussjåfør har varsla at han såg ein BMW som låg eit stykke bak Valdresekspressen i svingane opp mot fjellet.

– Vi er interessert i å komme i kontakt denne sjåføren, seier han.

Politiet brukte ein time og eit kvarter på å kome seg te bussen der trippeldrapet skjedde i går. 
Det er altfor lenge, meiner innbyggjarane i Årdal. Og ordføraren meiner politiet er spreidd tynt over eit stort område.

VIDEO: Politiet brukte ein time og eit kvarter på å kome seg til bussen der trippeldrapet skjedde i går. Det er altfor lenge, meiner innbyggjarane i Årdal

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valdresekspress-kapringen» i nytt vindu