Hopp til innhold

Varslar fare for lyn og tore – på bakken er det knusktørt og brannfare

Brannvesenet er på alerten. Fryktar lyng- og skogbrann.

– No er det ein fare for brannar som følgje av lyn. Det er ikkje til å leggje skjul på, seier Terje Birkeland.

Han er vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, og er saman med resten av brannvesenet obs på det knusktørre terrenget over heile Sør-Noreg.

Fleire brannar enn i heile fjor

No melder meteorologane om fare for torevêr i indre strok i Sogn og Fjordane onsdag.

– Det kan danne seg ettermiddagsbyger, og det kan bli tore. Kombinert med skog- og lyngbrannfaren som vi har no, er ikkje det heilt bra, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Det er no stor skogbrannfare på Austlandet og Vestlandet, og det har allereie vore fleire skogbrannar i Sør-Noreg enn var i heile 2017. Brannberedskapen er auka mange stadar.

Laster Twitter-innhold

Er generelt godt rusta

– Når det gjeld skog- og lyngbrann kan vi gje bålforbod og informere innbyggjarane. Men når det gjeld lyn, er det ting vi ikkje styrer sjølv. Men vi er på alerten, og det er også mannskapa ute i kommunane, seier Terje Birkeland.

Han viser til at mange brannar har starta med lynnedslag, og at det ikkje vil vere overraskande om det skulle skje igjen.

– Mannskapa våre er utstyrte med piskar og utstyr til å ta seg ut i terrenget. Dei er trente og gode på dette. Så generelt sett er vi godt rusta, seier vaktleiaren.