NRK Meny

Varslar fare for flaum og store nedbørsmengder i nordlege strøk Nordfjord og nabofylket

NVE går no ut med åtvaring om fare for flaum- og jordskred i utsette strok, og vêrvarslinga melder OBS-varsel for ytre deler av Nordfjord og nabofylket i nord.

Regnvær

VARSLAR VÅTT VÊR: For folk i ytre strok i Nordfjord og i nabofylket i nord kan det neste døgnet bli i våtaste laget.

Foto: Scanpix

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Eit ustabilt nedbørsområde ser ut til å ha festa grepet om nordlege deler av Vestlandet, og i kveld og i morgon kan det kome opp til 50 millimeter nedbør i døgnet på utsette stader.

– Vi har send ut varsel om gult nivå. Det er venta mykje nedbør i dag og i morgon, spesielt i ytre strok. Om den annonserte nedbøren kjem, eller litt meir, kan vi få jord- eller flaumskred der det er utsett, seier vakthavande geolog i NVE, Gratziella Devoli, til NRK.

– Vi forventar ikkje mange skred, men kanskje nokon. Det avheng av kor mykje nedbør, og om den treff dei skråningane, bekkane og elveløpa der det er lausmassar, seier geologen.

Måndag kveld sende Meteorologisk institutt ut OBS-varsel for Nordfjord og Møre og Romsdal, og då særleg ytre strok.

– Måndag kveld og tysdag er det venta framleis vedvarande nedbør i ytre strøk. Lokalt kan det kome 20–50 millimeter på 24 timar, opplyser vêrvarslinga.

For Møre og Romsdal er det venta frå 30–50 millimeter på eit døgn frå måndag kveld.

Sjølv om vêret kan bli skikkeleg dårleg enkelte stader, så vil ikkje vêrvarslinga snakke om haustvêr heilt enda.

– Eg vil ikkje kalle det haustvêr, men meir et dårleg norsk sommarvêr, seier statsmeteorolog Vibeke Thyness, om det seige lågtrykket som pregar Vær-Norge denne veka.

– Vi ligg i ei lavtrykksrenne og koker suppe på same lågtrykket hele veka. Det beveger seg sakte austover, men det går uhyggeleg seint, seier meteorologen.



Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar