NRK Meny

Varslar demonstrasjon

Årdølane blir oppmoda om å demonstrere når politikarane i dag held formannskapsmøte, skriv Sogn Avis. Hovudtillitsvald Jane Stedje i Fellesforbundet ber innbyggjarane protestere mot helsetunplanane i kommunen. Alle helsetenester skal samlast i eitt felles bygg i Øvre Årdal. I dag vedtek truleg politikarane å løyve 4,4 millionar ekstra til bygginga grunna kostnadssprekk. Samstundes slit kommunen med økonomien og har varsla kutt og oppseiingar.