Hopp til innhold

Varsla om trugsmål midt på natta

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, ringte politiet midt på natta i helga etter at ein sentral person fekk ein e-post med trugsmål.

 

Clara Øberg
Foto: NRK

Ifølgje Firda gjekk innhaldet i e-posten på korleis lagnaden til vedkommande skulle verte. Trugslane var likevel ikkje så konkrete at dei er straffbare. Styret i Helse Førde har difor kome fram til at dei ikkje vil gå vidare med saka.

- Det var klare ønskje for lagnaden til vedkommande, men det var ikkje direkte trugsmål frå den som skreiv e-posten. Vi har snakka med politiet og konkludert med at vi ikkje gjer meir med dette no, seier Øberg til NRK Sogn og Fjordane.