Hopp til innhold

Varsla ikkje sprenging

Ein entreprenør har vedteke ei bot på 10 000 kroner etter eit sprengingsuhell i Sogn i januar i fjor. Politiet har funne at verksemda han var dagleg leiar i sprengde ein fjellknaus, sjølv om salveplanen var mangelfull og verken tryggleiksavstand eller kastlengde vart vurdert. Det oppstod fare for skade på person og eigedom. Uhellet vart heller ikkje meldt frå til Direktoratet for sikkerheit og branntryggleik.