Hopp til innhold

Varmen tærer på breane

Snøsmeltinga på breane i fylket ligg ein månad føre det som er vanleg, trur professor Atle Nesje. Til Sogn Avis seier han at ein må tilbake til 2006 for å finne ein liknande situasjon. Lite nedbør gjennom vinteren og ein varm sommar er årsaka til bresmeltinga.