NRK Meny
Normal

Varmen er godt nytt for jordbærelskarar

NESE (NRK): Vêrskiftet på Vestlandet får fram smila i jordbæråkrane: Solskinet gjer dei raude bæra endå søtare.

Ola og Brita Sofie Engum

GLADE FOR SOLA: I fleire tiår har Ola og Brita Sofie Engum drive med jordbærdyrking på Nese i Vik kommune.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Godt vêr gir god smak. Bæra blir søtare, fortel bærbonde Brita Sofie Engum.

Det er morgon på Nese. Skylaga er i ferd med å bryta opp, og etter veker med kaldt og vått vêr skin det blått på himmelen. Varmen frå julisola breier seg over dei grøne bøane, husa og dei vel tretti fastbuande i den vesle bygda ved Arnafjorden i Vik kommune.

Også i jordbæråkeren til Brita Sofie og Ola Engum gjer vêrskiftet godt; der blenkjer det i raudt og grønt. Med sommarvarmen og temperaturar på over 20 grader, skyt modninga fart.

Jordbæråker på Nese

IDYLL: Den mest eventyrlege jordbærsesongen på Nese var for 33 år sidan medan fjoråret var av den meir semre sorten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sein modning

– Lite sol og kaldvêr så langt i juli har gjort at bæra har modna seint. Men heldigvis har det vore lite rote og gråskimmelsopp, truleg på grunn av dei låge temperaturane, seier Engum.

Sesongen starta 3. juli, men det er fyrst no det er mykje bær i dei om lag 4000 kvadratmeter store jordbærfelta på Nese.

Jordbærdessert

OPPLEVING FOR AUGE OG GANE: I jordbæråkrane på Nese finst fire bærtypar, alle norske: Nobel, Saga, Frida og Senga Segana. Ekteparet Engum sel både dessertbær og syltebær.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Sein modning fører til at me har for lite bær til kundane, og eg må setja dei opp på venteliste. Det er verken kjekt for meg eller kundane, seier Engum.

Men med varmen i dagane som kjem, teiknar sesongen til å bli middels god, med oppunder to tonn avling per mål.

Startskot i 1967

På Nese er det 50 år sidan dei fyrste jordbærplantane blei sette, og dei raude, søte bæra som etter kvart kom, var medverkande til at Brita Sofie (65) og Ola (69) Engum kom i lag.

– Eg byrja som jordbærplukkar, og så blei eg begeistra for både bæra og bonden, ler Brita Sofie og gløttar bort på ektemannen Ola.

Ola hadde gått på jord- og hagebruksskulen i Aurland, og der lærte han jordbærkunsten av Inge Øyri og andre frå Fresvik, der dei då, midt på 1960-talet, var godt i gang med å dyrka i større skala.

Bærdyrkar Ola Engum

JORDBÆR, BRINGEBÆR, SAU OG KYR: Medan andre spesialiserer seg, har Ola Engum tru på allsidig gardsdrift: – Det utfyller kvarandre, gir større avlingar og mindre sjukdom.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Jordbæra blei ei fin attåtnæring på eit lite vestlandsbruk. Me fekk meir ut av jorda me hadde, seier Ola.

Smak av sommar

Nordmenn er opptekne av smaken, men ønskjer samstundes å få bæra tidlegare på sommaren. Men det saftige og søte er ikkje heilt enkelt å sameina med lang haldbarheit:

– Jordbæra med topp smak held seg ofte ikkje så lenge som dei bæra som er surare og fastare. Men skal me konkurrera mot utanlandske bær, trur eg at mykje og god smak er vegen gå. Då må dei vera plukka i rett tid og vera godt modne, seier Engum, som gler seg over sommarsola som igjen steikjer i andletet.

– Det er veldig kjekt å sjå at planter, frukt og bær utviklar seg slik dei skal.

Ola og Brita Sofie Engum

BÆRBØNDER SAMAN: – Eg byrja som jordbærplukkar, og så blei eg begeistra for både bæra og bonden, ler Brita Sofie Engum som dyrkar jordbær saman med ektemannen Ola.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.