Hopp til innhold

– Vi får det varmare og varmare seinare på året

I Etne i Hordaland blei det målt 30,4 varmegrader klokka 15 i dag. Aldri har det vore så varmt så seint på året i Noreg.

Etne på varmeste dag

SVÆRT VARMT: Mange nytta nok høvet til å bade i Etne på den varmaste augustdagen som er målt. Dette biletet er frå varmebølgja i slutten av juli.

Foto: sarasif_ / instagram

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi får det varmare og varmare seinare på året. Vi har aldri målt 30 grader så seint i august, så dette er då ein noregsrekord. Det kjem av at resten av kloden blir varma opp, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til NRK.

Meteorologane varsla tidlegare i dag det kunne ligge an til rekordar.

Fleire rekordar kan ryke

For medan det også blir meldt om oransje fare for styrtregn på Vestlandet, varslar dei også at dei neste dagane kan bli historiske. Noko som er eit faktum, sidan gradestokken passerte 30,4 grader i dag.

Det seinaste det er målt 30 grader i Noreg før, var 26. august 1947.

Kristian Gislefoss

VARMT: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Foto: Anniken Celine Berger

Varmen breier seg nordover, så det er sjanse for veldig høge temperaturar opp til Helgeland dei neste dagane. Før i dag blei det målt 24,3 i Laksfors og 25,3 i Saltdal, som ligg ganske langt nord i Nordland.

Trur på rundt 30 grader

Statsmeteorologane reknar det som opp mot 70 prosent sjanse for at den 72 år gamle varmerekorden frå Oslo blir historie.

– Vi har siste åra sett at varmerekordar blir rimeleg oftare slått på grunn av klimaendringane, medan kulderekordar sit lenger inne, seier statsmeteorolog Magnus Ohed til NRK.

– Det er effekten av klimaendringane vi ser?

– Ja, dei varmaste hetebølgjene blir varmare, medan dei aller kaldaste kuldeperiodane ikkje blir like kalde som før. Eg gjorde ein sjekk på varme- og kulderekordar i ulike land siste 20 åra. Det var fire–fem gonger fleire varmerekordar som var slått enn kulderekordar.

Laster Twitter-innhold