Her var det varmast i landet midt på dagen

Med 23,9 grader var Kroken i Stryn den desidert varmaste staden i landet klokka 14 tysdag.

Kroken målestasjon i Stryn

VARMAST I LANDET. Målestasjonen på Kroken i Stryn hadde den høgste temperaturen i landet midt på dagen, tysdag.

Foto: Oddvar Kroken

– Det er litt artig, det er sommar og sol og ingenting er betre enn det, seier Oddvar Kroken som saman med faren Ingvar Kroken har ansvaret for målestasjonen.

Elles i landet var Evanger i Hordaland 22,9 grader og Sola i Rogaland 22,5 grader nærast temperaturane i Stryn.

Ved vêrvarslinga på Vestlandet kan statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid fortelje at fleire stadar i fylket tysdag låg over temperaturgjennomsnittet.

Ved Bremuseet i Fjærland var det 23,6 grader, På Vangsnes i Vik målte dei 22, 5. Sandane lufthamn Anda hadde 21,8 og Lærdal 22,2 grader. Men aller varmast i landet var det altså i Stryn.

Ned på andreplass

Geir Ottar Fagerlid

FINT I VÊR I FLEIRE DAGAR: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid

Foto: Meteorologisk Institutt

Ut over ettermiddagen gjekk Evanger i Hordaland forbi, men når NRK snakkar med Fagerlid klokka 17 er Stryn framleis andre varmast i landet.

– Kva som er årsaka til at akkurat Kroken scorar så høgt i dag er eg ikkje heilt sikker på, men det har nok noko med beliggenheita til målestasjonen å gjere.

Det er Oddvar Kroken samd i.

– Vi ligg midt i eitt dalføre og er i le for den kalde sjøtrekken. I tillegg så er det lite snø i fjellet i år, og dermed blir ikkje vinden som kjem over fjellet så nedkjølt heller.

Godvêrsperiode

Ser vi vekk frå starten har mai vore ein ganske fin månad vêrmessig med høge temperaturar. og akkurat no langt betre vêrmessig enn lengtar sør i Europa.

– Ja, ser vi på til dømes på Paris, så har dei 17–18 grader i dag, og i London er regn og kjølig.

Det fine vêret ser ut til å halde seg ei stund framover.

– Det kan sjå ut som vi får fleire dagar med fint vêr framover no. Når eg ser på prognosane så ser temperaturar over 20 grader i dagane som kjem, og også nattetemperaturane kjem til å stige.