NRK Meny
Normal

Steinar sine varmande vintersupper

Kva er vel betre enn noko varm og godt i kroppen når ein kjem inn etter ein tur ute i kulden. Her skal du få tips til enkle, gode supper som varmar ein frosen kropp.

Steinar Lindstrøm og Gro Ravnestad

SMAKSOPPLEVING: Steinar Lindstrøm og Gro Ravnestad gir deg oppskrifta på å få varmen i seg med ei god suppeoppskrift.

Foto: Alf Vidar Snæland

Suppene du skal få oppskrift på i dag er laga av råvarer som er rimelege og lette å få tak i. Server suppene med eit godt brød til, eller fyll opp termosen og nyt gode smakar ute ein fin vinterdag.

Gulrotsuppe med chili

Gulrotsuppe

GULROTSUPPE: Gulrotsuppe med chili varmar i kroppen

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

1 stk. vanleg lauk

500 g. gulrot

2 stk. potet

7 dl kjøtkraft

salt og pepar

1 ss rømme eller creme fraiche

1 lita ss finhakka chili

Skrell lauk, poteter og gulrot. Skjær dette i bitar og kok grønsakene møre i kjøtkrafta. Mos med ein stavmiksar eller ein foodprosessor. Smak til med salt og pepar og rør inn chilien. Ha i ei skei med rømme eller creme fraiche i kvar tallerken. Pynt gjerne med urter.

Potet og purreløksuppe

Potet og purreløksuppe

ENKEL SUPPE: Potet og purreløk smakar godt i lag.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

1 purreløk

5 poteter

1 liter god kjøtkraft

Vask purrelauken grundig i kaldt vatn og skjer den i bitar, Skrell potetene, del dei i bitar og kok dei møre i krafta. Mos suppa med stavmiksar eller foodprosessor. Smak til med salt og pepar og strø over steikte krutongar.

Jordskokksuppe med røykt torsk

Jordskokksuppe

SUPPE MED JORDSKOKK: Jordskokk og fisk smakar godt i lag.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

ca. 500 gram jordskokk

2 hakka sjalottlauk

1–2 fedd kvitlauk

2 dl god kjøtkraft

5 dl mjølk

salt og pepar

ca. 75 gram røykt torsk eller anna fisk. Må ikkje vere røykt.

Del jordskokken i bitar og kok den mør i kraft og mjølk i lag med lauken. Mos med stavmiksar eller foodprosessor. Kok fisken på vanleg måte og legg bitar i suppetallerkane. Pynt gjerne med friske urter eller graslauk og server med godt brød.

Vegopning på Bergum i Førde kommune