NRK Meny
Normal

Varm og tørr september

Sommaren vart forlenga med mild og regnfattig septembervêr.

Septembervêr

SEPTEMBERKVELD: Mild og fin september har forlenga sommarkjensla. Her er sol over Jølster.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Vi har på ein måte fått litt kompensasjon for at sommaren var på normalen, vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Trond Thorsteinsson.

For fasiten frå målestasjonane til Vêrvarslinga for Vestlandet viser at temperaturen har vore mild og fin i september.

Kveldshimmel i september

FARGERIK: Septemberhimmelen har vore fargerik.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Han seier september har vore ein fin og varm månad, spesielt for Vestlandet sør for Stad.

– Mange av vêrstasjonane ligg rundt to grader over det som er normalen temperaturmessig.

Tørrare enn vanleg

Den målestasjonen som er lengst over normalen er Førde lufthamn som er tre grader over, og Sandane som har akkurat to grader meir enn normaltemperaturen.

Men det kom også mindre nedbør enn vanleg for september.

– Det har rett og slett vore ganske fint, men mindre nedbør og tørrare vêr enn vanleg.

– Svelgen er den plassen det er registrert mest nedbør i løpet av eitt døgn med 37 mm eit døgn. Der kom det mest regn 26. september.

Du kan dele dine haustopplevingar med oss!

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.