Vårin (21) med frisparkperle i USA

Vårin Ness frå Sogndal klistra eit frispark frå 19 meter i krysset. Målet er nominert til månadens mål i universitetsfotballen i USA.

Vårin Ness

JUBEL: Vårin Ness blir gratulert med frisparmålet sitt.

Foto: privat

21-åringen med ei fortid på damelaget til Kaupanger reiste over til USA i august for å studere idrettspedagogikk og for å spele fotball. Det gjer ho i Jefferson City i Tennessee, på Carson-Newman University.

– Eg drog over for å få ei god utvikling som fotballspelar, og så langt ser det bra ut. Det er ei fin ramme rundt fotballsatsinga, og eg trivst betre enn eg hadde trudd, seier Vårin.

– Trefte overraskande bra

Og på laget går det så godt at ho er mellom dei to faste frisparktakarane. I bortekampen mot Lenoir-Rhyne låg dei under 2-1 då Carson-Newman fekk frispark to-tre meter utanfor 16-meteren. Det tok Vårin seg av.

– Eg trefte overraskande bra, og ballen sneik seg inn oppe i venstre hjørnet.

Dermed stod det 2-2, og i ekstraomgangane sikra laget hennar seg sigeren.

No er altså målet hennar mellom dei måla som er nominert til månadens scoring i september. Dei gamle lagkameratane hennar i Kaupanger er mellom dei som prøver å stemme scoringa fram.

Camilla Olsson og Vårin Ness

TO NORSKE: Camilla Olsson (t.v.) frå Trondheim og Vårin Ness frå Sogndal.

Foto: privat

Mykje reising

I USA spelar Vårin kamp to gonger i veka, og det går med mykje tid til reising.

–Det er gjerne fire-fem timar i buss til kampar i South Carolina og North Carolina. Vi reiser i lag med gutelaget til universitetet. Vi spelar kamp først, og så må vi vente til gutane har spelt før vi kan returnere.

Med på laget har ho ei anna norsk jente.

– Det er Camilla Olsson frå Trondheim, og ho er ein av grunnane til at eg reiste. I tillegg er det to norske på gutelaget.