NRK Meny
Normal

Elveeigarane er optimistar før sesongstart

Elveeigarane er optimistar med tanke å villakssesongen. Ikkje minst fordi dei store snømengdene i fjellet kan gje elvene den flaumen dei treng.

Formann i Eid sportsfiskarlag Sven Morten Eikeseth ser utover Eidselva

GLER SEG: Svenn Morten Eikeset gler seg til nok ein sesong i Eidselva.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eidselva er god på høg vassføring, det har synt seg tidlegare. Det vil heilt klart gje eit betre fiske, seier leiar for Eid sportsfiskarlag, Svenn Morten Eikeset, til NRK.

Ser lyst på starten

I fjor var det ein sørgeleg sesong med berre 600 kilo laks då det var lite vatn i Eidselva.
Men med ein kjølig vår med mykje snø i fjellet ser Eikeset lyst på sesongstarten om ein månad.

– Mykje snø vil gje ei stor elv og ikkje alt for høg temperatur. Då vil laksen trekkje opp i elva. Den vil gå seinare og stå lenger. Slik som i fjor, så gjekk laksen ganske fort opp i elva. Mykje av fisken var gjerne komen opp før fisket starta. Ser nok annleis på det i år, slår Eikeset fast.

Lærdalselvi

VIL HA FLAUM: Også Lærdalselvi treng ein vårflaum for å sikre godt fiske.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Optimisme for Lærdalselvi

Også i Lærdal er dei optimistar med tanke på årets fiskesesong. Leiar for elveeigarlaget, Lasse Sælthun, gler seg til dei igjen kan opne for laksefiske i det som ofte blir kalla «Dronninga av lakseelvane».

– Det å få ein vårflaum er rekna som positivt. Eit normalår med litt flaum tidleg og jamn fin reduksjon i løpet av sesongen er det vi ønskjer. Så er det greitt med litt variasjon innimellom, seier Sælthun.

Slik er sesongen i nokre av elvene i år:

  • Eidselva: 1. juni - 31. august
  • Lærdalselvi: 10. juni - 15. august (Bruhølen - Sjurhaugfossen 22. august)
  • Flekkeelva: 4. juni - 31. august
  • Gaulaelva: 1. juni - 15. september
  • Nausta: 1. juni - 31. august
  • Jølstra: 15. juni - 31. august
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser