Hopp til innhold

Varetektsfengsling i narkosak

Nok ein person er varetektsfengsla i samband med den store amfetamin-saka i Stryn, skriv Fjordingen.

Frå før er tre personar mistenkt i saka.

- Denne gongen er det ei 25 år gammal kvinne busett i Ålesund, som er varetektsfengsla i to veker, seier politiførstebetjent Rolf Knutsen til NRK Sogn og Fjordane.

 I starten av februar vart ein mann i 30-åra teken i Oslo med eitt kilo amfetamin i bilen. Narkotikaen skulle ifølgje Politiet ha ein gateverdi på 1 million kroner. Tre personar vart varetektsfengsla like etterpå i det som skal vere den største narkotika-saka i indre Nordfjord nokon sinne. Politiet er sparsame med opplysningar om den siste fengslinga, men seier dei etterforskar saka breidt.