Hopp til innhold

Fengsla i fire veker for fleire innbrot

Fjordane tingrett har avgjort at mannen som er sikta for innbrota i Stryn og Hornindal blir varetektsfengsla i fire veker.

Trosdahl og oversikt over innbrot

FLEIRE: Lensmann Lasse Trosdahl mistenkjer at fleire enn den fengsla står bak dei mange innbrota

Foto: Fotomontasje

Fredag og laurdag braut ein eller fleire tjuvar seg inn i fleire bustadhus i Stryn, Hornindal og Oldedalen. Det har og vore gjort innbrot i bilar og forsøk på innbrot. Tjuven eller tjuvane fekk med seg datautstyr og sølvtøy.

Litauar varetektsfengsla i fire veker

Mann pågripen i Stryn

ARRESTERT: I denne bilen.

Foto: Politiet

Måndag fekk politiet tips om ein bil dei ville undersøkje nærare, og etter å ha reist ut til den aktuelle bilen fann dei ein 19 år gamal mann frå Litauen, som vart pågripen utan dramatikk.

Politiet sine bilete av fotavtrykk etter innbrot

FOTSPOR: Som stemmer med skoa til den sikta.

Foto: Politi

Politiet har funne fotspor ved åstadar for innbrot som stemmer overeins med skoa den sikta hadde på seg då han var arrestert. Bilen hans er mørk blå, noko vitne har observert i samband med tjuveria.

I orskurden frå tingretten kjem det fram at retten mistenkjer mannen for ei straffbar handling som kan føre til fengsel i meir enn seks månadar. Han er sikta for tjuveri, grovt tjuveri og innbrot.

– Målet er å få han varetektsfengsla så vi får tid til å gå igjennom materialet og kontroll på kva han har drive med, sa lensmann Lasse Trosdahl i går.

I dag fekk lensmannen det som han ville. Retten festar ikkje lit til mannen si forklaring, der han hevdar å ha vore i Noreg på ferie og på utkikk etter arbeid.

Mistenkjer at fleire står bak

Varetekstfengslinga er vidare grunngjeven ved at retten er redd for at mannen, som ikkje har noko form for tilknyting til Noreg, vil unngå straffeforfølging gjennom å reise ut av landet.

Retten meiner og at det er nærliggjande fare for at den sikta 19-åringen vil øydeleggje bevis ved å flytte/fjerne tjuvegods, eller kontakte andre personar i sakskomplekset.

Politiet stadfesta i går at dei mistenkjer at mannen ikkje opererte åleine.

– Vi har tru på at det kan vere fleire personar som er involverte og at det kan vere fleire bilar. Vi oppmodar folk om å ta kontakt om det er nokon som vekkjer mistanke, sa lensmann Lasse Trosdahl.