Hopp til innhold

Fengsla i fire veker for bombetrussel

Kvinna som er sikta for bombetrusselen mot eit fly som skulle frå Flesland til Kristiansund, må sitte i varetekt til 2. april.

Bombetrussel på Flesland

EVAKUERT: Det vart kaos på Flesland tysdag då det vart oppdaga at nokon hadde sendt inn ein bombetrussel. Over fire timar tok det å avklare situasjonen for politiet.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Tysdag kveld gjekk bombealarmen på Flesland. All flytrafikk vart stogga i over fire timar.

Ei 18 år gamal kvinne frå Sunnfjord stod bak trusselen. Ho vart pågripen i Førde, og vedgjekk at ho via eit chatteprogram hadde trua med at ei bombe var plassert i ein koffert på eit fly som skulle til Kristiansund.

Fjordane tingrett avgjorde i ettermiddag at ho blir varetektsfengsla i fire veker.

Strid om kvinna er tilrekneleg

Forsvararen til den sikta meiner saka ikkje høyrer heime i rettsapparatet.

Odd Bovim

FORSVARAR: Odd Bovim.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK
Inger Beth Fosse

AKTOR: Inger Beth Fosse.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Varetekt er ikkje eigna i denne saka. Andre må finne ut av kva som kan vere ein riktig reaksjon for denne hendinga som til dømes medisinsk personell. Dei må heller vurdere dette og ikkje rettsapparatet. sa forsvarar Odd Bovim tidlegare i dag.

Påtalemakta ser varetekt som nødvendig.

– Å be om fire veker for ei så ung kvinne sit langt inne for påtalemakta. Vi forklarer fire veker med at dette er naudsynt for å avverje liknande situasjonar, sa aktor i saka, Inger Beth Fosse.

– Fare for nye lovbrot

Tingretten gir støtte til påtalemakta, og meiner kvinna er tilrekneleg, mellom anna grunna tidlegare vurderingar frå medisinsk personell.

Retten meiner det er sannsynleg at sikta vil utføre liknande lovbrot om ho ikkje blir fengsla, og peiker på at ho fleire gonger dei siste månadane har vore i avhøyr hjå politiet for drapstrugslar.

Vidare legg retten vekt på dei svært store samfunnsmessige konsekvensane dersom sikta på nytt kjem med bombetrugslar mot offentlege kommunikasjonsmiddel.