Hopp til innhold

Varetektsfengsla for vald

Ein nordfjording i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker. Mannen vart pågripen etter å framsett truslar. Han er også sikta for vald og fleire truslar, både mot politi, sjukepleiarar og familiemedlem. I samband med truslar skal mannen også ha nytta farlege reiskapar. Nordfjordingen nektar straffskuld for alle postane. Fjordane tingrett gjev påtalemakta medhald i at det er stor fare for at mannen kan gjere nye lovbrot om han ikkje blir fengsla.