Hopp til innhold

Varetektsfengsla for mishandling

Ein mann i 60-åra er i Sogn og Fjordane tingrett varetektsfengsla i fire veker for mishandling i nære relasjonar. Mannen vart pågripen før helga, og er sikta for truande og krenkande framferd over fleire år. Ifølgje siktinga skal mannen mellom anna ha truga ei kvinne med kniv.