Hopp til innhold

Varetektsfengsla for fire nye veker

48-åringen frå Sogn og Fjordane som er sikta for å ha drapstruga statsminister Jens Stoltenberg, er varetektsfengsla i fire nye veker.

Stoltenberg

FARE FOR NYE TRUGSMÅL: Dommaren meiner det er fare for nye trugsmål mot statsminister Jens Stoltenberg, og har difor forlenga varetektsfengslinga.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Mannen vart først varetektsfengsla 4. juni etter å ha truga statsministeren og ein sentral politikar. Trugsmåla skal ha vore grove og alvorlege.

Etter fire veker vart fengslinga forlenga, og no etter åtte veker er den forlenga igjen, skriv Dagbladet. Ifølgje avisa meiner dommaren at det er fare for gjentaking av straffbare handlingar dersom mannen får sleppe ut av varetekt.

Mannen sin forsvarar, Oscar Ihlebæk, seier til Dagbladet at avgjerda om vidare varetektsfengsling blir anka. Etter det avisa forstår skal bakgrunnen vere sikta sin psykiske og fysiske helse.

48-åringen nektar straffskuld og skal ifølgje avisa ha bede om at han blir vurdert av uavhengige rettspsykiatrar.