NRK Meny
Normal

Vedgjekk å ha hatt overgrepsbilete på maskina

Ein mann i 50-åra frå Sunnfjord er varetektsfengsla i fire veker etter funn av overgrepsbilete mot barn.

Fjordane tingrett 12

FENGSLINGSMØTE: Fjordane tingrett vil med ei varetektsfengsling hindre at mannen tek kontakt med andre personar knytte til saka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mannen vart teken inn til avhøyr sist veke før han vart arrestert fredag.

Det er gjort funn av overgrepsbilete mot barn på mannen si datamaskin, og han vedgår å ha hatt iallfall 12 slike bilete. Ifølgje rettspapira skal sikta ha forklart at bileta kom frå ein som er frå Sveits.

Nektar for å ha delt vidare

Fjordane tingrett meiner sikta med skjellig grunn kan mistenkast for ei straffbar handling som kan gi høgare straff enn seks månader i fengsel. Dei meiner det er sannsynsovervekt for at sikta både har hatt bilete som framstiller seksuelle overgrep mot barn eller seksualiserte framstillingar av barn, og at han har delt dei med andre.

Sjølv nektar den sikta for å ha delt overgrepsbilete vidare.

Politiet har gått gjennom telefonen til mannen, der dei har funne ut at han kommuniserer med personar som ønskjer å få tilsendt materiale av barn. Ut frå kommunikasjonen meiner retten det er sannsynleg at sikta også har sendt overgrepsbilete av barn til ein annan.

Fleire kan bli arresterte

Fjordane tingrett skriv i rettskjennelsen at dei legg merke til at sunnfjordingen seier han vil vere samarbeidsvillig for å få oppklart saka. Dei meiner det likevel er praktisk mogleg at han kan øydelegge bevis om han blir sett fri.

Det blir vist til at politiet står framfor ei omfattande etterforsking der det kan bli nødvendig å arrestere og avhøyre fleire personar som sikta har kommunisert med.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med mannen sin forsvarar, Ivar Blikra. Heller ikkje politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt har vore tilgjengeleg for kommentar onsdag.