Mannen som er i 30-åra, er sikta for mellom anna tjuveri, narkotikabrotsverk, for å ha hatt våpen utan løyve og grov vald.
Politiet bad om fire vekers varetektsfengsling for å hindre sikta i å øydeleggje prov eller gjere nye straffbare handlingar. Det seier politijurist Terje Gjertsen.
Det mannen no er sikta for er forhold han også tidligare har vore varetektsfengsla for – ei varetektsfengsling som har vore ei av dei mest omtalte nokon gong her i fylket.
Narko og tjuveri
Det byrja med ein narkorazzia i Bergen i februar i år. Der vart det funne store mengder amfetamin og pillar, og den no sikta sogningen som hevda han berre var på besøk.
I den påfølgjande ransakinga heime hjå mannen vart det gjort beslag i ein bil og fjernsyns-, stereo- og datautstyr for omlag 1,5 millionar kroner. Dette er forhold som påtalemakta tok med også denne gongen då dei bad om varetektsfengsling.
Spektakulær flukt
Påtalemakta meiner sogningen han vore svært aktiv etter at han slapp ut frå varetekt sist - blant anna meiner dei han var involvert i eit bilbrukstjuveri i indre Sogn i sommar og ei heller spektakulær flukt frå politiet. Etter å ha skjult seg i ein garasje køyrde han bilen tvers gjennom garasjeporten og gjennom eit gjerde og vekk frå dei forskrekka politimennene som var på leiting etter han. Ferda gjekk så vidare ut på europavegen i vill fart. Ferda enda etter kvart i grøfta, men føraren klarde å stikke seg vekk for politiet.
Skotsikker vest og skarpladd våpen
Då sogningen sundag vart pågripen av politiet på Romerike, skjedde det då han prøvde å stikke av frå ein politikontroll - med påfølgjande biljakt.
Det som uroar politiet mest denne gongen, er at mannen var iført skotsikker vest og var væpna med ein skarpladd nimillimeter pistol.
Motsette seg varetekt
Trass i den lange og alvorlege siktinga mot mannen, meiner forsvararen hans, advokatfullmektig Tore Høyer, at det ikkje var grunnlag for å varetektsfengsle mannen.
Han seier at sogningen nektar seg skuldig i så godt som alle punkt i siktinga. Han syner elles til at for hans klient er det svært øydeleggande med ei ny varetektsfengsling.
Men Høyer er delvis nøgd med at det vart to og ikkje fire vekers varetektsfengsling.