Hopp til innhold

Våren kom for seint for hjorten som døyr av svolt

STRYN/FJÆRLAND (NRK): Den lange vinteren gjer at tusenvis av hjort svelt i hel.

Hjortedød av matmangel

Det grøne graset kom for seint for denne hjorten i Fjærland.

Foto: Endre Distad

Store mengder hjort døyr på brutalt vis. Fleire stadar på Vestlandet finn folk denne våren hjort som har svelte i hel. Årsaka er den lange og snørike vinteren.

Ved Norsk Hjortesenter fryktar leiar Johan Trygve Solheim at så mykje som 10 000 hjort døyr av svolt i år.

– Vi snakkar om tusenvis, kanskje 10 000. Det er vondt å sjå at så mange dyr lir. Det er ein del av naturen, men også noko å tenke på når det gjeld menneska si forvalting av stammen.

Desperate hjortar går laus på foret til bøndene

Krisa gjer at bønder får store flokkar med nær ihelsvoltne hjortar inn på bøane. I Stryn har bøndene i Kirkeeide samdrift aldri før sett så mykje hjort.

– Eg har talt over 100 dyr på eit 90 dekar område, seier Ingebrigt Kyrkjeeide.

Bønder i Stryn

RISIKERER TAP: Bøndene i Kirkeeide samdrift. Sigbjørn Kirkeeide (t.v.) og Ingebrigt Kyrkjeeide.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Når graset på bøane er borte startar hjorten på rundballane, som ofte må gjerdast inn. Samla tap kan bli 100 000 kroner.

– Eg ser ikkje anna utveg enn at det må skytast meir dyr, seier kollega Sigbjørn Kirkeeide.

Johan Trygve Solheim er heilt samd.

– Den ville bestandsveksten dei seinare åra har vi menneska gitt rom for, seier Solheim.

– Hjortestamma må ned

Miljøvernleiar i Stryn kommune Odd Rønningen får mange rapportar om døde hjortar. Snøen kom tidleg på Vestlandet, og vart liggande.

Trestammar i Fjærland

GNAGING: Hjorten har gått laus på trestammane i Fjærland.

Foto: Endre Distad

– Når hjorten gnagar barken av skogen har den ingen reservar att.

Sjølv om våren er her, er faren ikkje over.

– Nei, ofte ser ein at dei døyr akkurat når dei endeleg får tak i mat.

Bestanden veks raskt over heile landet. I 1992 hadde til dømes jegerane i Stryn lov å skyte 300 hjort. I fjor skaut dei 1098. Likevel er det ikkje nok.

– Dyra formeirar seg lett, og dei har ingen naturlege fiendar som ulv og bjørn. Det er menneska som avgjer, seier Rønningen.

Har gjerda inn til liten nytte

Bonde Lars Henrik Skår satsar på at eit nær tre meter høgt elektrisk gjerde skal halde hjorten unna.

Lars Henrik Skår

HJORTESTI: Hjorten har si faste ruta inn på bøen til Lars Henrik Skår.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Rundt rundballane står høge anleggsgjerder for å sikre foret frå å bli øydelagt.

– Hjorten har ikkje hatt det lett i vinter. Somme gonger går dei heilt til fjøsdøra for å ete gamle restar av for.

Skår sitt jaktvald samarbeider om jaktterrenget, slik at grunneigarar med lite hjort i sitt område kan felle kvoten sin hjå andre i bygda.

Slik sikrar ein at jaktkvotane vert skotne.

– Nøkkelen er at folk ikkje tviheld på rettane sine. Dette må gjerast over heile Vestlandet, seier han.

Daud hjortekalv

DØDE: Ein hjortekalv i Fjærland, rundt bygda er det sett nær 50 døde hjortar i fylgje bygdefolk.

Foto: Endre Distad