Hopp til innhold

Våre mest leste saker i 2015

Telefontrøbbel på forskjellig vis, vêr og vêrfenomen og ein omtenksam fotballdommar. Dette er sakene som fenga flest av våre lesarar gjennom året 2015. Her kan du klikke og sjå på dei mest populære sakene våre i år.

1. Asbjørn tok rotta på telefonsvindlaren

Asbjørn Aamot
Foto: Privat

Då telefonsvindlaren ringde Asbjørn, ringde han feil mann. Oppringinga fekk nemleg den tidlegare dataprogrammeraren til å sjå raudt.

2. Dei som ringer trur Henrik (12) er psykiater

Henrik Stubhaug
Foto: privat

Henrik Stubhaug i Angedalen i Førde har ein telefon med nesten same nummeret som ein lege knytt til Psykiatrisk klinikk Sandviken sjukehus i Bergen. Det har plaga familien i snart ti år.

3. Her kjem årets første hauststorm

Slik slår uvêret til
Foto: Skjermdump yr.no

Sogn og Fjordane er eit fylke med mykje vêr. Meteorologisk institutt sender stadig ut OBS-varsel. I slutten av oktober kom meldinga om årets første hauststorm. Det ville mange lese om.

4. Dette synet er det få som får sjå i Norge

Bussen Marie og den spesielle skya
Foto: Tore H. Næss

Tore Næss og vennene trudde knapt sine eigne auga då dei såg skyformasjonane på Stad. Det gjorde ikkje meteorologane heller, då dei fekk sjå bileta...

5. Dommaren heldt rundt og trøysta skadd spelar

Are Njøten
Foto: Stryn fotball

Då Stryn-spelar Are Njøten rauk alt som kunne rykast i kneet, sette dommaren seg ned og trøysta han. – Det var veldig flott gjort, seier Njøten, som kanskje aldri blir heilt frisk.

6. Trude følgde draumen og flytta mot straumen

Trude Søilen og familien
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Trude Søilen drøymde om eit liv utan nære naboar, bytrafikk og ein gard langt frå folk. For fire år sidan pakka ho og familien sakene sine og sette kursen for ein veglaus gard i Solund.

7. Fotografen vart paff då han såg dette

Nordlys over bykjernen i Florø
Foto: Truls Kleiven

Fotografen Truls Kleiven skulle berre køyre opp søpla, då han kasta eit blikk ut mot havet i Florø. – Det var heilt, heilt sprøtt, seier han.

8. Denne oppfinninga kan hindre storbrannar

Professor Torgrim Log demonstrerer den enkle oppfinninga som varslar når treverk blir for tørt og brannfaren aukar.

Med enkle tiltak kan ein hindre storbrannar som i Lærdal i fjor. Det meiner professor Torgrim Log som tek til orde for ei nasjonal varslingsteneste når vêret er slik som det var før storbrannen.

9. 16 personar berga i land etter flåtefest

Partyflåte i Aurland
Foto: NRK-tipsar

Det var tilløp til panikk då ein flåte med 16 feststemde personar fekk motorstopp midtfjords i Aurland ei natt i juni. – Galimatias, seier politiet sin operasjonsleiar.

10. Turgåar vart møtt av dette makabre synet

Makabert funn på Fresvikbreen
Foto: Hans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren / Privat

Turgåar Hans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren kom i sommar over eit syn han seint vil gløyme.