NRK Meny
Normal

Varden blir rådmann

Arve Varden sluttar som klinikkdirektør i Helse Førde for å blir rådmann i Høyanger.

Arve Varden

GIR SEG: Etter snart fem år i Helse Førde, vender Arve Varden heim.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

45 år gamle Varden sluttar som klinikkdirektør for Medisinsk klinikk 1. april neste år. Han blir frå same dato ny rådmann i Høyanger, og tek då over etter Arvid Lillehauge som går av med pensjon.

Det var til saman åtte søkjarar til stillinga.

Varden, som er busett i Høyanger, starta i Helse Førde for snart fem år sidan. Han har tidlegare vore helse- og sosialsjef og assisterande rådmenn i heimkommunen.

I sin tidlege yrkeskarriere var han kyrkjeverje i Høyanger.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen