NRK Meny
Normal

Varaordføraren: – Vi må ta grep

Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) i Lærdal er budd på tøffe tak framover. – Ostehøvelen er vi ferdig med, vi må til med eit grovare verktøy, seier han.

Lærdal kommune - dørmatte

SLUTT PÅ OSTEHØVELEN: Det seier varaordførar Trond Øyen Einemo, som viser til at dei må gjere kraftige kutt i tida framover.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For den økonomiske situasjonen til Lærdal kommune ser alt anna enn lystig ut. I løpet av to år har kommunen mista inntekter på eigedomsskatt på kraftverk på ni millionar kroner.

I tillegg har inntektene på sal av kraft gått kraftig ned. Ifølgje rådmann Alf Olsen jr. må kommunen på kort sikt spare vel 10 millionar kroner årleg. På lengre sikt aukar utfordringa til 15 millionar kroner i året.

– Dette er ikkje hyggelege nyheiter. Eg har vore med i to periodar no, der den første var fryd og gammen, medan den andre var ein periode med ein god del kutt. Vi hadde eit håp om at vi var ferdig med dette no, men no sviktar inntektene og då må vi ta grep, seier Øyen Einemo.

– Kutt i tenestetilbodet

Trond Øyen Einemo

INGEN GRUNN TIL Å SMILE: Varaordførar Trond Øyen Einemo frå Høgre har ingen grunn til å smile over den økonomiske situasjonen Lærdal kommune er komen i. Biletet er teke i samband med valkampen tidlegare i år.

Foto: Odd Helge Brugrand

Varaordføraren vart saman med resten av formannskapet presentert for dei dystre tala.

Før på dagen vart også dei tilsette i kommunen informerte. Rådmann Alf Olsen jr seier til NRK.no at oppvekst, pleie og omsorg og helse er dei sektorane der ein kan vente seg kutt.

Heller ikkje Øyen Einemo trur det er nokon veg utanom.

– Dette utgjer mellom 60 og 70 prosent av budsjettet vårt, så det er heilt naturleg at dei sektorane må ta ein del av kaka, seier han.

Han understrekar at ein ikkje har konkludert med noko enno, men legg ikkje skjul på at kutta vil merkast.

– Vi snakkar strukturendringar på ein del ting, og kutt i tenestetilbodet, høgst sannsynleg.

Vil involvere innbyggjarane

Kutt innan skule, helse og eldreomsorg er kutt som erfaringsmessig provoserer innbyggjarane kraftig. Det veit også Øyen Einemo, som lovar å involvere dei i prosessane framover.

– Det er ikkje så mange andre måtar å gjere dette på enn å gje dei informasjon om situasjonen, og informasjon om kvar vi vil kutte. Så må dei få kome med innspel om kva dei meiner er urimelege kutt, og vi må ta det derifrå.

– Dette blir eit samspel mellom politikarar, brukarar og administrasjonen. Vi må stå saman, seier Høgre-politikaren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser