Hopp til innhold

Varaordførar melde seg ut

Etter at kollegaer i SP klaga til SV og Venstre om vedtaket om kraftutbygging, melde varaordførar i Leikanger seg ut av partiet.

Leikanger

Varaordføraren i Leikanger har meldt seg ut av Senterpartiet.

Foto: Arild Nybø / NRK

Etter 20 års medlemskap i Senterpartiet, melde varaordførar i Leikanger, Jarle Andersen seg ut av partiet i går.

Var ikkje orientert

Bakgrunnen er at to partikollegaer gjekk til SV og Venstre for å klage på kommunestyret sitt vedtak om kraftutbygging i kommunen, det skriv Sogn Avis .

Varaordførar Jarle Andersen vart ikkje orientert av partikollegaene om klaga. Han meiner han som partileiar og varaordførar burde vore med på heile prosessen.

-Dårleg gjort

- Eg synst det er dårleg gjort at det skjer på denne måten. Eg har respekt for at dei har sine meiningar, men eg burde fått vere med og sagt mine meiningar i dei møta dei har hatt, seier Andersen.

Etter vedtak i kommunestyre har Leikanger kommune sagt ja til kraftutbygging. Kraftutbygginga gjeld for Henjaelvi og Grindselvi og har vore omstridd i kommunen.

Etter vedtaket har to partikollegaer av Andersen teke kontakt med SV og Venstre sine representantar og kravd lovlegkontroll av vedtaket.

- Vil svekkje saka

Senterpartiet og Andersen har vore for kraftutbygginga og varaordføraren meiner klaga vil svekke saka.

- Det som eigentleg er alvorleg er at dette er ei kraftsak som partiet vårt har flagga i programmet og køyrt fram. Det dei driv med no er å svekkje saka ved å ta ho opp att.

- Dei får inn moment som kan føre til ein ikkje får eit klart fleirtal for saka. Eg meiner saka er avgjort og at det ikkje noko meir å gjere med, seier Andersen.

- Dette dreier seg om formelle feil

Partikollega Arne Monrad Johnsen som sendte klaga meiner Andersen vart kontakta.

Han forstår ikkje reaksjonen til varaordføraren.

- Jarle vart kontakta av Edith Valeberg Eggum, som nummer to i saka. Så han vart kontakta før SV og Venstre. Alt skjedde i løpet av nokre timar på ein kveld, så noko valdsamt samarbeid mellom Senterpartiet og dei andre to parti har det ikkje vore. Det var jo eit brev som vart skrive og lagt fram for dei andre.

- Forstår du reaksjonen?

- Nei eigentleg gjer eg ikkje det. Dette var ikkje ei sak han burde ha meldt seg ut på. Dette dreier seg om formelle feil i kommunestyre, og ikkje usemje i partiet på den måten, seier Johnsen.

- Har gjort ein kjempejobb

Knut M. Olsen (Sp)

Knut M. Olsen håpar Andersen ombestemmer seg.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkesleiar i Senterpartiet Knut M. Olsen er overraska over utmeldinga, og håper Andersen ombestemmer seg.

- Eg synst det er veldig leit. Andersen har gjort ein kjempejobb i Leikanger gjennom mange år. Han har vore med å løfte partiet så eg håpar han ombestemmer seg, seier Olsen.

- Viktig at ein tar ei runde på det

Og han meiner det er nødvendig å gå igjennom saka.

- I vanskelege lokale saker og spesielt når det er usemje inne i ei gruppe er det viktig at ein har gode prosessar. Det er viktig at ein tar ei runde om prosessane har vore gode nok, seier Olsen.

Les og:

- Saksbehandlingsfeil i kommunen

Vil ha folkerøysting om kraftutbygging

- Ikkje grunnlag for folkerøysting

Hestehandel om kunstgras

- Kommunen må vurdere korrupsjonsskuldingar sjølv