Eit butikkvindauge med tilbodsvarer fekk ekteparet til å endre retning, og redda dei truleg frå ei tragedie, fortel Stig Roger Eide. Akkurat i det dei skulle sette beina på trappa til butikken, small det på andre sida av gata, i den retninga dei var på veg.
Nær dramaet
Praha er eit av dei mest populære reisemåla for nordmenn på ferie. Men i går vart idyllen broten av ein kraftig eksplosjon frå ein handgranat som eksploderte under ein bil. Minst 18 menneske vart såra. Rundt Eide var det full panikk og fleire skadde. Like ved ekteparet låg det ein mann med store blødningar frå halsen.
På bryllaupsreise
Ekteparet har ikkje sove mykje i natt. Og dei har brukt mykje tid på å bearbeide hendinga. - Vi skulle eigentleg feire ein utsett bryllaupsreise, men det vart noko heilt anna. Det har satt preg på oss, seier Eide. Ekteparet er letta over at det var ein konkret person granaten var retta mot, for då kunne dei vere trygge på at turistar ikkje var målet, og at det ikkje kom fleire angrep.