Hopp til innhold

Var ved vulkanen like før utbrotet

Lege frå Stryn fekk oppleve Eyjafjallajökull på nært hald få dagar før vulkanutbrotet verkeleg tok av natt til onsdag.

– Vi var på ein køyretur på sørkysten då vi tenkte at vi måtte til vulkanen på isbreen når vi først var i området. Fredag morgon kontakta vi eit firma som driv med utleige av snøscooterar og jeepar for å høyre om dei kunne frakte oss inn til breen og vulkanutbrotet, fortel Hogne Tennebø.

Legen frå Stryn var på ferie saman med kjæresten sin på Island. Medan dei var der ville dei ta seg ein tur på isbreen Eyjafjallajökull.

Det var her det store vulkanutbrotet kom like etter midnatt 14. april og som førde til ei voldsom sky av vulkansk aske og røyk som steig fleire kilometer opp i lufta. Mange hundre menneske vart evakuerte etter utbrotet og ein stor del av flytrafikken i Europa er innstilt på grunn av den svære oskeskya som dreiv mot aust.

Fascinert av vulkanar

For den amerikanske kjærasten hans er veldig fascinert av vulkanar.

– Ho blir nesten i ekstase. Vi håpa på å få sjå ein aktiv vulkan, fortel han.

Hadde spruta i tre dagar

Vulkanutbrot på Island

Lavaspruten stod 40-50 meter opp i lufta.

Foto: Hogne Tennebø

Etter ein time med beltebil kom dei til sjølve breen, Der var det snøstorm og dei vart frakta vidare med jeepar over isbreen og fram til om lag 300 meter frå vulkanen. Den hadde spruta lava kontinuerleg i tre dagar før dei kom dit.

– Vi var om lag 100-150 meter frå vulkanen, Varmen og sprutande lava gjorde det umogeleg å vere nærare. Lavaen spruta ut ganske kraftig utover og kanskje 40-50 meter opp i lufta. Vi var så nære at vi vart kjende varmen i ansiktet.

Osten på kjeksen smelta

Men det var ikkje berre der det var varmt.

– Fjellstøvlane vart heilt mjuke og det lukta svidd gummi. Vi la også ned Ritz-kjeks med ost på på bakken. Osten smelta og vart svidd på kantane.

Der dei stod såg dei også det som vert kalla «molten lava» under seg. Det vil seie at når steinmassene frå lavane stoppar opp, blir den liggjane å gløde før den vert svart. Han seier at det likevel ikkje var skummelt.

– Nei, eigentleg ikkje, for det er ikkje bevegelse i den lenger. Hadde det vore flytande mase så hadde eg nok ikkje turt.

– Eit fantastisk syn

Vulkanen vart også større medan dei var der. Tennebø fotel at veggane smelta og kollapsa gradvis.

– Det var eit flott syn. Heile himmelen var oransje og lyst opp. Då vi kom tilbake i tretida om natta, kunne vi sjå heilt får sørkysten at fjellet var som eit ildberg.

– Kva tenkte du då du såg lavaen sprute?

– For eit fantastisk syn! Det er spesielt med svovellukta og då lavaen trefte bakken kom det ein massiv rumlelyd som var heilt utruleg.

Ingen vakter i området

– Men er det ikkje farleg å reise til ein aktiv vulkan?

– I etterkant kan eg vel seie meg einig i det, men det var ei oppleving som var heilt fantastisk og som eg ikkje ville vore foruten. Men eg stussar på at det ikkje var nokon form for sperringa, vakter eller politi i området då vi var der,

– Kva tenkjer du i ettertid, med det store utbrotet som kom nokre dagar seinare og at det har blitt store konskevensar for flytrafikken i store delar av Europa?

– Eg må innrømme at pulsen steig eit par hakk då eg høyrde nyheitene onsdag morgon.

– No i ettertid, kva tenkjer du om denne opplevinga?

– Eg er glad eg hadde ferie førre veka og ikkje denne, seier Tennebø som no er tilbake i Stryn.