Hopp til innhold

Var truleg ikkje påkøyrsle

Politiet meiner at mannen som 1. juledag blei funnen i vegbana på E39 nord for Skei, ikkje blei påkøyrd.

Skei skule ulukke

FUNNEN HER: Den medvitslause mannen blei funne i dette området, like ved Skei skule i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Agnar Bøyum ved Jølster lensmannskontor seier dei har snakka med mannen.

– Han hugsar ikkje noko av det som skjedde, men mest truleg skuldast skadane hans eit fall, seier Bøyum.

Mannen i 50-åra blei funnen medvitslaus ved Skei skule og politiet fekk melding om hendinga i 17-tida 1. juledag. Det var mannskap frå luftambulansen som melde frå, etter at dei var komne fram til staden.

Føraren av ein traktor blei etterlyst og sjåføren melde seg like etter.

– Det vi kan seie heilt sikkert er at traktoren som vart etterlyst i samband med saka, ikkje har noko med uhellet å gjere, seier Bøyum.