Hopp til innhold

– Eg er veldig glad for at vi stogga for møtande bilar

Møtande trafikk på fylkesveg 92 kan ha berga livet til arbeidskollegaene Gunnar Fjellheim og Tommy Halset. – Steinblokka som ligg att er på 2,5 til tre kubikk, fortel Fjellheim.

Steinras på fylkesveg 92 i Vik

STORE BLOKKER: Både blokka som ligg att og såret i vegbana vitnar om store blokker som kom ned frå fjellsida i morgontimane fredag. Smal veg og møtande trafikk berga truleg livet til Gunnar Fjellheim og Tommy Halset.

Foto: Gunnar Fjellheim

Fylkesvegen mellom Vikøyri og Arnafjord i Vik vart like før klokka 08 stengd på grunn av steinras. Kring 170 innbyggjarar er isolerte.

Entreprenørkollegaene Gunnar Fjellheim og Tommy Halset var på veg til Halset på jobb då dei såg raset.

– Vegen er heilt knust ved sidan av blokka, så det er tydeleg at det også har gått like store steinar i sjøen, fortel Fjellheim.

– Var heldige

Gunnar Fjellheim

STOGGA: Det blir ikkje noko jobb i Framfjorden i dag for Gunnar Fjellheim og kollega Tommy Halset.

Foto: Privat

Raset gjekk på ein stad som lokalt blir kalla «Stauradn» ved Eitrestrondi. Fjellheim er klar på at bilistar har hatt flaks, men kven som har hatt mest flaks, er uvisst. Det er snakk om berre sekund før steinraset hadde treft bilar.

– Vi trefte to bilar kring ein kilometer før. Ein av oss har vore heldige, seier han.

– Eg er glad for at vi stogga for bilane. Det kan ha vore avgjerande for at vi ikkje kom midt i det. Hadde vi fått denne på oss, så hadde vi sleppt å tenkje meir, legg han til.

Stogga trafikken

Fjellheim og Halset såg først eit tre som låg i vegbana. Då dei stogga såg dei og varsla om raset.

Deretter gjekk dei forbi raset for å stogge trafikken som kom frå Framfjorden.

– Vi ville ikkje at det skulle komme trafikk. Det er ein sving der slik at raset kjem brått på. Vi brukte øyre og auge og gjekk forbi, seier han.

Rasutsett

Ein geolog ser i føremiddag på rasstaden. Det er venta ei vurdering av om vegen kan opnast i 12-tida.

– Vi snakka om det seinast i går at det jamt og trutt ligg stein fleire stadar der. Eg tykkjer det har vore litt stille om det i media, seier han.

– Korleis blir det å køyre utover der seinare?

– Du har risikoen hengande over deg heile tida. Og slik blir det vel til Vikafjellstunnelen og avstikkaren kjem langt fram i tid. Om den nokosinne kjem.

Skremd ordførar

Ordførar Marta Finden Halset (Ap) er blant dei som pendlar forbi rasstaden til Vikøyri. Ho er skremd over raset. Ho er berre glad for at liv ikkje gjekk tapt i dag.

Med stengt Vikafjell, er kommunen isolert nattetid når ferjene ikkje går. No er også bygder isolerte frå resten av kommunen.

Rassikring på Eitrestrondi er kalkulert til kring 500 millionar kroner.

– Dette er ei stadfesting på at vikjene må få Vikafjellet og tverrslaget til Framfjorden, seier ho.

Eitrestrondi