NRK Meny
Normal

Kvinne var på sykkeltur då ho såg ulven luske over vegen

Ei kvinne i var måndag på sykkeltur på Revsnesvegen og ante fred og ingen fare, då ho plutseleg såg ein ulv krysse vegen.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

FANN IKKJE SPOR: Rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn, Rein-Arne Golf, var ute og såg etter DNA-spor etter ulven, men gjorde ikkje funn.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Kvinna sykla på vegen som går ut til den nedlagde ferjekaien Revsnes i Lærdal kommune. Før sambandet Mannheller-Fodnes gjekk ferja mellom Revsnes og Kaupanger på Sogndal-sida, og vegen var mykje trafikkert.

Revsnes ferjekai og Revsnesvegen vart lagde ned som europavegsamband då Fodnestunnelen og ferjekaien på Fodnes opna i 1993. No er vegen svært lite brukt, og dermed ein roleg stad for dei som ønskjer å både springe og sykle.

Bråsnudde

Men kvinna skjønte fort at ho ikkje var åleine. Ho registrerte brått eit dyr som gjekk i vegbana, og rakk så vidt å tenkje at det kunne vere ein hjortekalv, før ho raskt konkluderte med at det var ein ulv ho hadde kasta auga på.

– Eg bråsnudde sykkelen fort som fy og sykla det eg makta, seier kvinna, som ikkje ønskjer å stå fram med namn og bilete.

Men ho er klar på at det var ein ulv ho såg då ho var ute på trimtur måndag ettermiddag.

– Eg er heilt sikker. Den hadde lange, slanke bein, var grå i pelsen og hadde litt bustete hale, seier kvinna.

Ho innrømmer at ho vart litt fælen då det gjekk opp for henne kva ho hadde sett.

– Eg vart rett og slett redd, ja. Eg pleier ikkje å like meg veldig godt i skogen åleine elles heller. Eg trur ikkje det vert betre etter dette, ler kvinna.

Har vore ute med hund

– Måndag fekk vi melding om at det var sett ein ulv ute på vegen mot Revsnes. Noko meir stadfesting på den observasjonen, har vi ikkje fått, seier rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane, Rein-Arne Golf.

Dei har vore ute i området med hund, i håp om å finne spor, utan å lukkast.

–Vi gjorde forsøk på å finne DNA-spor, men vi har ikkje registrert noko, seier Golf.

Han har likevel ingen grunn til å seie at observasjonen ikkje er truverdig.

– Vi tek med oss dei observasjonane som vi får, og så får tida vise kor desse ulike rovviltartane dukkar opp, seier Golf.

(Artikkelen held fram under videoen)

Beate Røysi er ikkje tvil om at den er ein ulv ho filma på avstad ved familien sin støl i Leikanger søndag.

SJÅ VIDEO: Ikkje lett å sjå ved første augekast, men Betate Røysi på Leikanger fanga det som kan sjå ut som ulv som i god fart spring mot venstre bildekant i denne videoen.

Har ikkje fått fleire observasjonar

Førre veke kom det inn fleire meldingarom observasjonar av ulv fleire stadar i indre Sogn. Både på Leikanger, i Fjærland, på Hafslo og i Luster skal det vere gjort observasjonar av ulv.

Sauebøndene i Luster fryktar at dei mange observasjonane, gjort over store avstandar, betyr at det kan vere fleire ulvar på ferde-

Sauebonde Ola Aaberge i Sogndal fann førre måndag eitt av lamma som han nett hadde sendt på beite, drepe av det som truleg er ulv.

Golf har ikkje fått fleire meldingar om korkje observasjonar eller sauetap dei siste dagane.

– Nei, vi har ikkje fått nokon nye meldingar som tyder på at det er tap på grunn av ulv, seier Golf.

Kan ha kryssa Sognefjorden

Han ser likevel ikkje vekk frå at det er fleire ulvar på ferde i indre Sogn.

– Det kan det vere. Men ulvar kan også krysse fjordane, så det er fleire moglegheiter her, seier Golf.

Han ser det ikkje som usannsynleg at ein ulv kan ha kryssa Sognefjorden symjande for å komme seg frå Kaupanger-sida til Lærdal.

– Ja, det kan han gjere, seier Golf.

Fellingsløyvet går ut torsdag

Etter dei to ulveobservasjonane som vart gjort i Leikangerfjella førre veke, har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gitt løyve om felling.

– Det er skadefellingsløyve på ein ulv, og det går ut 19. juni. Det er fylkesmannen som vurderer om det er grunnlag til å forlenge dette eller ikkje, seier Golf.

Han understrekar at det ikkje er noko jaktlag ute no for å aktivt finne ulven.

– Nei, dei avventar meldingar som det er grunnlag for å rykkje ut på. Det må vere realistisk at dei klarar å gjennomføre ei felling før dei mobiliserer folk, seier Golf.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå