Hopp til innhold

Var på fjelltoppen og høyrde drønnet frå snøskredet

Christian Frøyd var laurdag føremiddag på topptur nettopp i det området som det store snøskredet gjekk i Sogndalsdalen.

Created by InfoDispatcher

SNØSKRED: Sjå video frå rasområdet i Gunvordalen. Fotograf: Christian Frøyd.

– Vi gjekk ikkje gjennom sjølve rasområdet, men hadde valt ei tryggare løype opp, på andre sida fjelleggen, seier Christian Frøyd.

Turfølget starta ved 0830 laurdag morgon, vel 11:30 nærma dei seg toppen der raset gjekk, men frå andre sida.

Høyrde drønnet

Christian Frøyd

HØYRDE SKREDET: Christian Frøyd var på skitur i same området som det store snøskredet gjekk i Gunvordalen laurdag.

Foto: Privat

– Då vi kom opp på toppen like nord for Blåfjell, så høyrde vi nokre kraftige drønn i snøen. Då vi kom litt lenger fram på kanten, men stod på trygg fjellgrunn, så såg vi at det hadde gått eit digert skred som hadde tatt med seg heile fjellsida.

På grunn av den høge skredfaren hadde Frøyd og dei andre i turfølget valt ei anna rute opp.

Betydleg snøskredfare

Snøskredvarslinga til NVE opplyser at det i regionen er snøskredfaren er betydeleg. På ein skala frå ein til fem er åtvaringa på tre.

– Unngå leområde med fersk fokksnø i høgda. Den ligg stadvis oppå eit lag overflaterim, lyd åtvaringa på varsom.no.

Sjølv om det var varsla høg skredfare er den erfarne skiløparen likevel overraska over kor stort skredet var.

– At det skulle gå eit slikt gigantisk skred, det hadde eg ikkje forventa.

Han fortel at området der skredet gjekk til vanleg er eit ynda nedfartsområde for skikøyrarar.

– Der er det mange som køyrer kvar einaste dag, og særleg i helgane. Det er no ei av dei mest køyrde fjellsidene i Sogndalsdalen.