Hopp til innhold

Var nærast idealvekta – vann bil

Paul Nygård frå Kandal i Breim vann hovudpremien under Jølster Aurefest. Premien er ein bil til ein verdi av 470.000 kroner. Under premieutdelinga blei idealvekta, der det er om å gjere å komme nærast, trekt på eit lykkehjul framfor 1200–1400 publikummarar laurdag ettermiddag. Vekta blei trekt til 517 gram, og nærast var Nygård med ein fisk på 516 gram. Til saman var det 1407 deltakarar i løpet av dei tre konkurransedagane.

Paul Nygård jublar etter å ha vunne bil under Jølster Aurefest
Foto: Jølster Aurefest