NRK Meny
Normal

Var minuttar frå å verte tatt av raset

– Eg vart sjokkert, og det var ei skremmande oppleving. Hadde eg kome nokre minuttar før ville eg hamna midt i det, seier mannen som køyrde i raset mellom Skjolden og Urnes i Luster.

Køyrde inn i steinras

KLARTE IKKJE STOGGE: Bilføraren vart ikkje skadd då han kom rett i raset.

Foto: NRK-tipsar

Det er alt mannen har tid til å seie til NRK, medan bergingsbilen er i ferd med å dra bilen hans ut av raset.

Per Ove Walaker som kom til rasstaden like etter fortel at raset er mellom 20 og 30 meter breitt, og opp til sju meter høgt.

– Då eg kom køyrande med bilen så såg eg det i fjorden at det var mørkt av drit og slikt. Då vi nærma oss raset, så såg vi at det stod ein bil oppetter det. Og bileigaren kom langs vegen, lettare i sjokk, fortel Per Ove Walaker, som kom til staden like etter raset.

Staden der raset kom ned har også tidlegare vore utsett for ras. Bilistar som skal ferdast i området kan ta ferje frå Solvorn til Urnes.

– Han som køyrde bilen såg ikkje raset før det var for seint. Då han bremsa så var det så mykje gjørme og slikt i vegen at han berre sklei inn i det, fortel Walaker, som tok hand om sjåføren.

Fv331 mellom Skjolden og Urnes blir ikkje opna i dag. Det blirt gjort ei ny vurdering laurdag klokka 12.00.

Laurdag er det sett opp følgande ferjeavgangar:

  • Solvorn 09.00 og 13.00. Retur frå Urnes 09.20 og 13.20.

Fleire vegar stengde

Fleire vegar i Sogn og Fjordane stengde på grunn av ras og rasfare i ettermiddag:

  • Riksveg 13 mellom Vetlefjorden og Dragsvik er stengt mellom Dale og Sværen på grunn av steinras.
  • Fylkesveg 1 er stengd mellom Instefjord og Brekke på grunn av rasfare.
  • Fylkesveg 241 er stengd mellom Gudvangen og Bakka på grunn av snøras.
  • Fylkesveg 691 ved Ommedal mellom Hyen og Gjengedalen. Vegen opnar ikkje i dag. Ny vurdering klokka 11 i laurdag.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.