NRK Meny
Normal

Var kjempenervøs, men tok VM-sølv

Inger-Lene Sunnarvik frå Førde tok onsdag sølvmedalje i junior-VM i utstyrsfritt styrkeløft i Finland.

Inger-Lene Sunnarvik på andreplass i junior-VM i styrkeløft

PÅ PALLEN: Inger-Lene Sunnarvik til venstre under medaljeseremonien.

23-åringen innkasserte også ein nordisk rekord under meisterskapen.

– Eg var så nervøs at eg let vere å sjå på startvektene til konkurrentane mine. Det tok landslagstrenar Lars Samnøy seg av, så eg kunne berre konsentrere meg om mi eiga løfting.

Og i knebøy og benkpress løfta ho opp mot sitt aller beste, i begge øvingane vart det sølv. I benkpress vart det nordisk rekord, sjølv om ei svensk jente tok gullmedaljen.

– Det kjem av at eg tok 102,5 kilo først. Ho greidde også 102,5 kilo og fekk gullmedaljen på grunn av kroppsvekt, men det er den som først tek rekordvekta som blir ståande som rekordhaldar.

Den øvinga ho er minst nøgd med er markløft.

– Der må eg bruke litt tid for å finne ut av korleis eg skal forbetre meg.

Serien som gav sølv samanlagt var 147,5 kilo i knebøy, 102,5 kilo i benkpress og 160 kilo i markløft. Det var i alt 11 deltakarar i klassen hennar.

Inger-Lene er siste års junior, neste år er ho senior og er budd på at ho då møter langt sterkare konkurranse.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser